Treng hjelp til uteområde på Sande Omsorgssenter

Uteområdet til sande Omsorgssenter er i dag ein grå og trist plass for bebuarane å vere.

Eg har fått ein henvending frå ansatte på Sande omsorgssenter om å hjelpe til med å dele informasjon. 

Vestsida av omsorgssenteret er ein plass brukt av blant anna lukka avdeling på Sande. Her har dei ansatte eit ynskje om å lage ein fin plass som både bebuarar og ansatte kan nytte seg av. Dei ansatte ynskjer blant anna å få opp ei grind på vestsida av bygget, og plantar og bærvekster i skråninga. 

Har du moglegheit til å bidra med stauder, bærbusker og frukttre som du kan gi vekk frå din eigen hage? Det vil glede stort. Har du restar av plantejord eller materiale til plantebokser, sett dei pris på dette også. 

Det er satt av tid den 12.mai frå kl 10:00 og utover til å jobbe med dette. Om du ikkje har noko staudar/bærbusker å avsjå, kanskje du kan avsjå litt av tida di?

Gjengen på Omsorgssenteret sett umåteleg pris på alt du kan bidra med. Dei har ikkje peng i budsjettet til å prioritere uteområdet, så alt må vere dugnadsbasert. 

Har du spørsmål eller noko konkret du kan bidra med, ta kontakt med:

Maylinn: 47351240 eller Anne Mari: 41685508


Har du utfordringar med å frakte material/plantar med eigen bil, kan frivilligsentralen hjelpe til med det. Ta kontakt med:

Sandra: 41203807

2024 © Gaular frivilligsentral