Samling for dei frivillige på Viksdalen

Tysdag 08.02 vart frivilligsentralen invitert til årsmøte for onsdagskafeen på Eldalstunet.

Her vart blant anna rekneskapet for 2020 og 2021 lagt fram. Overskotet som vart framsynt vart blant anna nytta til å betale for denne samlinga for dei frivillige. Dette som ein takk for den fantastiske dugnaden dei har lagt ned dei siste 2 åra. 

Dei siste 2 åra har det vore gjennomført 32 kafear med 739 gjestar. Dette er imponerande. Gjennom desse 2 åra har det i snitt vore 3 frivillige på kafeen for å kunne oppretthalde smitteverntiltaka. Dei frivillige har hatt ein dugnad på 4 timar per gang. Til saman har dei lagt ned 404 dugnadstimar dei siste 2 åra. 

Før alle fekk gå heim, fekk underteikna æra av å sei nokre velvalgte ord til dei som hadde møtt opp. Samt minne dei på at i år er frivilligheitas år og den skal vi feire med blant anna ein sykkeltur som startar i Nordkapp og avsluttast i Arendal. 

Ein stor takk til Eldalstunet som diska opp med ein deilig middag, kake og gjestfridom. Samt takk til Helselaget, Pensjonistlaget og Bygdekvinnelaget på Viksdalen som driv kafeen veke etter veke. 

Flere nyheter
2024 © Gaular frivilligsentral