Oppstart av matombringing

Frå og med 3. oktober er åtte engasjerte frivillige i gong med matombringing.

Matombringing er eit tilbod til heimebuande eldre eller andre personar som på grunn av sjukdom, alder eller andre grunnar ikkje kan lage middag sjølv. Middagen vert laga av sjukeheimskjøkkenet og kjørt ut av frivillige. 

Tilbodet er ein del av kvalitetsreforma "Leve hele livet" som skal bidra til at eldre kan meistre livet lengre og få fleire gode leveår. Reforma har blant anna fem innsatsområder der "mat og måltider" er eit av områda. Det å ete riktig og nok mat kan vere like viktig for helsa som medisinane ein får. 

Stor applaus til gjengen som no er i gong med utkjøringa! 


For meir informasjon om tilbodet i Sunnfjord kommune klikk her

2024 © Gaular frivilligsentral