Vil du hjelpe til med å løfte uteområdet til Sande Omsorgssenter?

Dei ansatte ynskjer saman med frivillige å gjer uteområdet ved Sande Omsorgssenter til ein fin plass å vere.

Aldersgruppe: For alle

Vestsida av omsorgssenteret er ein plass brukt av blant anna lukka avdeling på Sande. Her har dei ansatte eit ynskje om å lage ein fin plass som både bebuarar og ansatte kan nytte seg av. 

I fjor fekk dei utemøblar, plantekassar, staudar og hjelp til å spyle uteplassen. Det er dei veldig takksame for :) 

Har du stauder, jordbærplantar, bærbusker eller frukttre som du ikkje treng lengre? Då er gjengen på omsorgssenteret interessert i å få dette.  Har du restar av plantejord eller materiale til plantebokser, sett dei pris på dette også.

Det er satt av tid onsdag 03.mai og tysdag 09.mai frå kl 09:30. Om du ikkje har noko staudar/bærbusker å avsjå, kanskje du kan avsjå litt av tida di?

Gjengen på Omsorgssenteret sett umåteleg pris på alt du kan bidra med. Dei har ikkje peng i budsjettet til å prioritere uteområdet, så alt må vere dugnadsbasert. 

Har du spørsmål eller noko konkret du kan bidra med, ta kontakt med:


Maylinn: 473 51 240 eller Anne Mari: 416 85 508

2024 © Gaular frivilligsentral