Onsdagskafé Viksdalen

Kaffi og vaffel i sosialt lag kvar onsdag i Bygdetunet på Viksdalen.

Aldersgruppe: For alle

Onsdagskafeen held til i Bygdetunet på Viksdalen, og er open kvar onsdag året i gjennom. Kafeen starta opp hausten 2003, og det er Viksdalen Bygdekvinnelag som står for den praktiske drifta. Opningstidene er frå kl 10.30 til kl 13.00.

Serviceskyssen går også kvar onsdag frå både Eldalsdalen og Råheimsdalen. Dei reisande tingar plass dagen før hjå Råheim Taxi, tlf. 57716929  Alltid mange kafegjester på Onsdagskafeen på Viksdalen. Denne dagen (21. februar) markerte dei Kongen sin gebursdag med flagg på borda!

2024 © Gaular frivilligsentral