- 
                            
"Walk and talk/Gå med oss" Viksdalen
"Gå og prat" i nærområdet på Viksdalen.
 
Feiring av Eldredagen
Eldredagen 2025 for pensjonistar i Gaular vert arrangert på Kupa og Eldalstunet i Viksdalen. Pris: 220,-Aldersgruppe: For alle
Program:
11:00 - Frammøte på Kupa
- Boccacia
 - Vandretur på Fossestien frå Kupa til Eldalstunet. Med oppgåver undervegs.
 
13:00 - Eldalstunet
- Kåseri ved Arve Sandal - “Om vår viktigste oppgåve som pensjonist”.
 - Allsong
 - Servering av Betasuppe med  rundstykke. 
- Kaffe og kringle
 
 
Alternativ viss du ikkje ynskjer å delta på uteaktiviteten: Møt opp kl 12:00 til Quiz og sosialt samvær på Eldalstunet medan ein ventar på dei som kjem frå Kupa.
Dersom ruskevær vert oppmøte på Eldalstunet kl 12:00. Då vert det quiz og sosialt samvær før programmet starter kl. 13:00.
Påmelding innan 26. september til:
Ingeborg: 91128253 eller Doris: 96013776
Arrangørar: Viksdalen Pensjonistlag, Gaular Pensjonistlag og Gaular Frivilligsentral
Del på:
- 
                            
BUA Sunnfjord
På BUA Sunnfjord kan du låne gratis sport- og friluftsutstyr!
 
- 
                            
Fest for frivillige!
Frivillige gjer ein stor innsats i kommunen vår på ulikt vis. Vi inviterer deg difor til ein uformell festkveld for å syne takksemd for den jobben du gjer!
 
- 
                            
Lesevenn
Høgtlesing av soger frå lokale sogebøker annankvar torsdag på Sande omsorgssenter
 
- 
                            
Matombringing
God mat er grunnleggande for god helse og livskvalitet heile livet. Som frivillig matkøyrar bidreg du til at heimebuande eldre får levert variert og næringsrik mat heim.