Matombringing

God mat er grunnleggande for god helse og livskvalitet heile livet. Som frivillig matkøyrar bidreg du til at heimebuande eldre får levert variert og næringsrik mat heim.

Som frivillig matkøyrar hentar du middagen på Sande omsorgssenter kl. 14:30 og køyrer den ut til dei som skal ha. På søndagar og raude dagar hentar ein middagen kl. 12:00. Du får bruke kommunale tenestebilar, men dersom du ynskjer å køyre eigen bil ordnar vi det.  

Er dette noko du kunne tenkte deg å hjelpe til med, eller du meir nysgjerrig, ta kontakt med Gaular frivilligesentral på telefon eller e-post. 

Vi har alltid behov for nye frivillige!

2024 © Gaular frivilligsentral